Dette filteret imiterer “solrefleksar” i linsa. Som oftast er dette nokså uønska, men kan altså ein gong i blandt gi ein spesiell effekt til biletet. Du kan plassere refleksen på biletet ved å klikke med musepeikaren på førehandsvisinga eller ved å skrive inn koordinata for refleksen. Filteret er enkelt og raskt i bruk, men er ikkje så omfattande som filteret Gradientrefleks.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykke på knappen OK.
Sentrum for refleksen: Her kan du skrive koordinata for refleksen. Som vanleg er startpunktet (0,0) i øvre, venstre hjørne.
Vis markøren: Dette er ikkje den vanlege musemarkøren, men to kryssande hjelpelinjer som viser sentrum for refleksen. Dei aktuelle koordinata blir viste i rutene X og Y.
Når denne er markert, blir sentrum for filtereffekten markert med eit trådkors. Du kan flytte rundt på trådkorset med musepeikaren på vanleg måte og klikke når du har funne ein høveleg posisjon.
![]() |
Tips |
---|---|
Du kan flytte rundt i førehandsvisinga med den korsforma musemarkøren og klikke der du ønskjer refleksen skal vere. Dette gjeld også om det ikkje er markert for Vis markøren. |