10.28. Legg til i utvalet

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2413 $ 2008-03-23 kost

Kommandoen Legg til i utvalet omformar lagmaska i det aktive laget til eit utval og adderer dette til det eksisterande utvalet. Kvite område i lagmaska blir til utvalde og svarte område til ikkje utvalde område. Gråtoner i maska blir til delvis utvalde område. Lagmaska blir ikkje forandra.

10.28.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskerLegg til i utvalet

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.

10.28.2. Illustrasjon av “Legg til i utvalet

Figur 14.112. Illustrasjon av “Legg til i utvalet

Illustrasjon av Legg til i utvalet

Til venstre ser du originalbiletet med eit utval. I midten lagdialogen med ei lagmaske oppretta med initieringskommandoen “Alfakanalen til laget”, og til høgre etter å ha lagt lagmaske til utvalet.